
I opphavet var Joker
16/12/2008I opphavet skapte Joker himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Jokers Ande sveiv over vatnet. Då sa Joker: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. Og Joker såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. Joker kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det var kveld, og det var morgon, fyrste dagen.
Då sa Joker: «Det skal verte ein kvelv midt i vatnet; han skal skilja vatn frå vatn.» Og det vart så. Så gjorde Joker himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over han. Joker kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.
Då sa Joker: «Vatnet under himmelen skal samla seg på ein stad, så det faste landet kjem til synes!» Og det vart så. Joker kalla det faste landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Joker såg at det var godt.
Då sa Joker: «Jorda skal la raude og svarte vokstrar gro fram, kløver som kjem opp, spar som ber alle trumper.» Og det vart så. Jorda bar fram raude og svarte vokstrar, kløver kom opp og spar som bar alle trumpar, hjarter og ruter. Og Joker såg at det var godt. Og det var kveld, og det vart morgon, fjerde dagen.
Då sa Joker: «Det skal verte regler for korleis korta skal bli brukt.Dei skal skilja mellom rett og gale, og vera merke på folk og fe.» Og det vart så. Joker skapte reglane, og dei skilde mellom rett og gale, og merka folk og fe. Og Joker såg at det var godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fjerde dagen.
Då sa Joker: «Det skal yrja med liv i vatnet, og det skal yrje med liv i lufta, oppunder himmelkvelven.» Så skapte Joker dei lågspelande, og dei som spelte høgt.Kvart etter sitt slag Og Joker såg at det var godt. Han velsigna dei og sa: «De skal veksa og aukast og fylla vatnet i havet, og høgspelarane skal aukast på jorda!» Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen.
Då sa Joker: «Jorda skal la alle slags levande skapningar gå fram, fe, krek og ville spelarar, kvar etter sitt slag.» Og det vart så. Joker skapte alle slags levande, fe, krek og ville spelarar. Og Joker såg at det var godt. Og det vart kveld, og det var morgen, femte dagen.
Då sa Joker: «Det bli kaos, så alle spelarane får noko å gjere.» Og det vart så. Det vart kaos, og alle spelte, både kort, høgflygande skapningar og dei låge. Og Joker såg at det var godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.
Såleis vart himmelen og jorda fullførte med heile sin hær. Den sjuande dagen sette Joker seg ned med eit bord, og blei sjølv med i spelet. Og han såg at det var godt.