
Eg er…
02/12/2008Eg er Jokeren. Eigentleg ikkje brukbar til noko på eigen hand, men sett saman med rette folka kan eg gjere under. Eg kan gjere seier til tap, tap til seier, svart til raudt og kløver til spar. Du kan sjå meg i ei mengde, og eg kan velje sjølv om eg er sparesset, hjarterdame, knekten eller ein kløverto. Det er ikkje eingong sikkert du skjønar at det er meg. Eg lev under huda på deg. Det er eg som får deg til å gjere alt det snodige du gjer, eg som snur ein situasjon frå elende til ekstase.
Pokerspelarar reknar meg som minderverdeg i handa på andre, sett meg høgst i eiga hand. Brigdespelarar kastar meg vekk, ungane ved bordet leikar med meg medan dei vaksne speler avansert. Overalt der eg kjem til gjer eg spelet enklare og meir avansert. Det finst spel der eg blir sett som den med mest poeng, og spel der eg knapt brukes. Om det er borte eit kort tek eg over det kortet si rolle, kjem det igjen så er eg ute av spelet, kanskje ei lita stund, kanskje ei æve.
Eg er ikkje berre eit kort. Eg er ei tilstand. Den som kan snu situasjonen, den som ikkje liker å gjere seg stor og tek mest plass, berre på gap. Eg finst i songar, filmar, eg fins i teater, og gudane veit kvar eg elles held til. Nokre gongar er eg artig å sjå på, nokre gongar ligg eg under som ei fare heile vegen, nokre gonger er eg den openberre løysinga. Nokre gonger er eg fienden. Nokre gonger er ikkje tilstades i det heile, nokre gonger er eg alt på ein gong.
Du kan ikkje sjå meg. Du kan sjå det som skjer med situasjonen, men du kan ikkje sjå meg. Eg er usynleg og ikkje tilstades. Eg er grunn og effekt. Eg er underliggande, eg er bakom og skuver på, eg er framom og stopper, eg trykker ned og eg løftar opp. Eg er kledd i fargesprakande klær så ingen skal kunne sjå meg, eg sprett rundt i verda med eit glis og ei meining, men ikkje mitt glis og mi meining. Eg er meiningslaus og meininga sjølv, eg er mjuk og hard, eg er ikkje meir enn det eg blir gjort til.
Eg er Jokeren. Eg er det du vil eg skal vere, og kan gjere det eg får beskjed om. Men det er ikkje sikkert du lik løysinga. Eg er sparesset. Eg er kløvertoen.
Eg er Jokeren.
Velkommen til Bloggosfæren, den frie, og sno deg som best du kan.
Takk for det, du. Er det skummelt inne i denne sfæra?