h1

Ein Jokerstad, i Jokertid

21/12/2008

Ein stad i Tyrkia, ikkje akkurat i går
Eit bredt flir breidde seg i andletet hans, han kasta den inn og gjekk vidare. Det var ikkje ei bombe, så han trengte ikkje vente på smellen. Han luska vidare, keik opp og såg eit ope glas til. Tok god sats, sikta, og traff. Høyrde det blaute dunket når vara traff golvet inne der. Høyrde eit grynt frå ei seng, slo fornøgd fast at det var ein unge som låg der inne. Det var då au det han trudde. Strakte ei hand nedi sekken og konstaterte at han hadde gløymd ei pakke, og at sekken var tom fortare enn gata var lang. Veigde pakka si, såg opp på dei to husa som var att. Han eine ungen var no ein ufyseleg slamp au. Nei, var han ikkje snill nok fekk det vere det same.

Han kvelte ein gjesp, kasta den siste pakka inn ein glugg og traska heimatt. Så sov han eit par timar før han sto opp att, sette seg på trappa og venta. Snart kom det mødre ut husa, og like etterpå kom dei att med fulle krukker med vatn i. Dei vart møtt av ivrige ungar som spurde om dei kunne få gå ut og leike med dokka dei hadde fått i løpet av natta, eller ein ball. Eller eit teppe. Mødrene såg forfjamsa på dei, og sendte dei vidare. Jokeren strauk seg fornøgd i det lange skjegget sitt, og var glad han kunne få til noko slikt utan at nokon visste kven han var. Sola kom fram, og han kasta frakken på aksla og gjekk heim att. Så sov han ei stund til, før han sto opp, og heldt søndagsmesse.

Ein stad i Noreg, litt nærarere i går
Han smilte vondskapsfullt, gjekk bak kua, klapsa ho bak og hylte ut. Kua rauta, og snart begynte dei fem andre å raute med. Det gjekk ikkje eingong to minutt før bonden kom ut. Han slengte bort til dei noko høy, og dei roa seg. Så såg han ein liten vott. Merkeleg, så små fingrar hadde då ingen av ungane hans lenger. På sida av seg såg han ei rørsle i høystakken, og glimt av raudt. Så smilte han, kasta votten mot rørsla, og gjekk inn att. Det høyrdes litt ramling inne i hovudhuset, og så kom kona ut med ei grå masse i eitt trau. Ho song på ein liten song, og gjekk inn att, men grauten sto att i fjoset.

Fliret til Joker var ikkje lenger vondskapsfullt, han forsynte seg grådig, og snart låg han på ryggen i høyet. Han keik opp, og såg at kyrne allereie hadde ete opp høyet sitt. Han gjekk bort med litt meir, danderte ei fin seng til seg sjølv og sovna tvert.

Ein heilt annan stad, enda litt nærare i går
Ho ho ho, skreik det ut, han gjekk mot ungane med ei raud flaske i handa, og ut av flaska drakk han eit svart brygg. «Har de vore snille no i år, då?» spurde han og lo litt meir. «Kva ynskjer de dykk?» lo han vidare, drakk litt meir, og så gapskratta han då han høyrde svaret til den vesle fireåringen.

Ein tyrkisk biskop og ein liten norsk røkter veksla stille blikk. Noko til Joker dei hadde fått til arvtakar. Dei nikka til kvarandre, snudde kvar sin veg, og gjekk ut att. Ut or rommet, bygget, og sinnet til ungane.

Ein gamal mann med islendar satt på ein benk, og følgde dei ut med blikket. Han vart brått var eit eldre kvinnfolk av arabisk utsjånad, og såg at ho følgde den høge av dei to med auga. Blikka deira møttes, og begge visste at det var siste gongen dei såg dei. Og dei visste at noko var forandra. Han gjekk bort til ho, drog opp eit julekort av ein liten låve med ei raud luve. Ho visste kva ho hadde i fanget, eit bilete av ei eksotisk gate om natta, og ein raud skugge sneik seg utanfor glasa. Dei bytta bilete, og han gjekk heim. På vegen ut sendte han eit olmt blikk til den feite borti stolen der, og sukka. Så såg han bakpå kortet sitt, og såg ei lita teikning av ein Joker med raud luve og islendar. Eit flir breidde seg i andletet hans, og han måtte kjempe litt for å ikkje bryte ut i gapskratt, han med.

h1

I opphavet var Joker

16/12/2008

I opphavet skapte Joker himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Jokers Ande sveiv over vatnet. Då sa Joker: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. Og Joker såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. Joker kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det var kveld, og det var morgon, fyrste dagen.
Då sa Joker: «Det skal verte ein kvelv midt i vatnet; han skal skilja vatn frå vatn.» Og det vart så. Så gjorde Joker himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over han. Joker kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.

Då sa Joker: «Vatnet under himmelen skal samla seg på ein stad, så det faste landet kjem til synes!» Og det vart så. Joker kalla det faste landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Joker såg at det var godt.

Då sa Joker: «Jorda skal la raude og svarte vokstrar gro fram, kløver som kjem opp, spar som ber alle trumper.» Og det vart så. Jorda bar fram raude og svarte vokstrar, kløver kom opp og spar som bar alle trumpar, hjarter og ruter. Og Joker såg at det var godt. Og det var kveld, og det vart morgon, fjerde dagen.

Då sa Joker: «Det skal verte regler for korleis korta skal bli brukt.Dei skal skilja mellom rett og gale, og vera merke på folk og fe.» Og det vart så. Joker skapte reglane, og dei skilde mellom rett og gale, og merka folk og fe. Og Joker såg at det var godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fjerde dagen.

Då sa Joker: «Det skal yrja med liv i vatnet, og det skal yrje med liv i lufta, oppunder himmelkvelven.» Så skapte Joker dei lågspelande, og dei som spelte høgt.Kvart etter sitt slag Og Joker såg at det var godt. Han velsigna dei og sa: «De skal veksa og aukast og fylla vatnet i havet, og høgspelarane skal aukast på jorda!» Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen.
Då sa Joker: «Jorda skal la alle slags levande skapningar gå fram, fe, krek og ville spelarar, kvar etter sitt slag.» Og det vart så. Joker skapte alle slags levande, fe, krek og ville spelarar. Og Joker såg at det var godt. Og det vart kveld, og det var morgen, femte dagen.
Då sa Joker: «Det bli kaos, så alle spelarane får noko å gjere.» Og det vart så. Det vart kaos, og alle spelte, både kort, høgflygande skapningar og dei låge. Og Joker såg at det var godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.
Såleis vart himmelen og jorda fullførte med heile sin hær. Den sjuande dagen sette Joker seg ned med eit bord, og blei sjølv med i spelet. Og han såg at det var godt.

h1

Vri åttaren som Joker

11/12/2008

«Vrir til spar!» skrik han jublande, slengjer på ein rutåttar og viftar med det eine kortet han har att på handa. Far ser på han og ser spørjande på handa hans. Sjølv har han to kort på handa. «Har du ikkje gløymt noko?» spør han og kastar endå eit blikk på handa hans. Guten rister på hovudet, seksårig trass skin frå holdninga hans, medan gleda over å snart ha vunne spelet gnistrar or auga. Brått innser han at han har gløymd å seie at han har att berre eit kort, og tek tre kort frå bunka før han set opp ei sur leppe. Broren legg pliktskyldigst på sparni og gler seg berre til spelet er over og han kan gå på rommet sitt og lese att.

Far smiler til dei to, han som vil vekk frå bordet fordi han er for vaksen til det, og han som ikkje vil gje seg på noko villkår. Han legg på eit kort og ser kva som skjer. Den eldste broren kvikner litt til i auga, ser halvt spørjande rundt bordet og venter på ein reaksjon frå minsten. Han blir ikkje skuffa. «Det er ikkje hjarter no,» protesterer han og peikar på den raude figuren på bordet. «Eg vrei jo til spar i stad, sa eg jo. Du kan ikkje legge på ein… slik… hjarter.» Den store flirer litt, men snur seg bort og let faren ta situasjonen.

Han plukker opp kortet, vrir litt på det, og spør sonen om han veit kva slags kort det er. Sonen ristar på hovudet. «Det er ikkje hjarter, ikkje ruter, ikkje spar og ikkje kløver. Ikkje kongen, dronninga, knekten eller esset. Det er ikkje noko tal heller. Det her, skjønar du, er ein joker. Han kan vere kva slags kort han vil, og kan vri spelet i kva slags retning han vil. No har eg tenkt å bruke han som ein åttar, og vrir til ruter att.» Han legg kortet forsiktig ned att. «Eitt kort, forresten.»

Guten sitt att som eit einaste spørsmålsteikn. Det går ei lita tid, storebror flirer ganske openberrt no. Den vesle smiler brått triumferande medan han ser på handa si. Han sleng eit kort med all kraft ned i bordet og brølar at han vrir til hjarter. Storebror tek ordet. «Nei, nei. Det der er jo ingen joker som du kan bruke som kva du vil. Det er jo berre ein vanleg sparknekt.» Han ser trassen i veslebroren og går vidare. «Altså, knekten har jo sverd og ein slik firkanta hatt, ser du? Også er han lik anten du snur han til eine eller andre kanten. Mens jokeren er heilt annleis, ser du? Han har duskar i lua, og om du snur han så er han brått opp ned.» Han ser at guten forstår, og går vidare. «Så nå må du ta att knekten din, og sjå om du finn ein ruter her.» Han gjev opp, trekk eit kort og legg på ruteren sin. Det går vidare, broren legg på ein ruterfire utan å mukke, og tek seg i å ønskje at faren ikkje blir ferdeg no, så han kan trasse broren ei lita stund til. Faren smiler, ser på den vesle og legg på ein ruterkonge og studerer dei tomme hendene sine medan gliset veks.

«Jammen, du kan jo ikkje gjere slik. Du juksar, du!» Skuldingane haglar over far. «Du kan jo ikkje bruke jokeren, det er ikkje et skikkeleg kort eingong.» Faren sit berre og let sonen rase frå seg. «Han var ikkje der i byrjinga, eg har faktisk aldri sett ein slik ein før. Du berre ljug, du.» Etter ei stund til reiser faren seg berre opp, går ut or rommet, og snur seg berre kort i døra. «Du lærte då vel noko av det og, gjorde du ikkje? Nokre gonger er det ein joker i stokken, og då kan kva som helst skje.». Han flirer, og går ut på kjøkkenet. Etter ei lita stund høyres det knitring av avispapir og lyden av ein kaffetraktar. To gutar sit att i stova. Den eine gliser, den andre opptatt med å studere eit kort. «Eg ville jo berre vri til spar,» kviskrar han.

h1

Eg er…

02/12/2008

Eg er Jokeren. Eigentleg ikkje brukbar til noko på eigen hand, men sett saman med rette folka kan eg gjere under. Eg kan gjere seier til tap, tap til seier, svart til raudt og kløver til spar. Du kan sjå meg i ei mengde, og eg kan velje sjølv om eg er sparesset, hjarterdame, knekten eller ein kløverto. Det er ikkje eingong sikkert du skjønar at det er meg. Eg lev under huda på deg. Det er eg som får deg til å gjere alt det snodige du gjer, eg som snur ein situasjon frå elende til ekstase.

Pokerspelarar reknar meg som minderverdeg i handa på andre, sett meg høgst i eiga hand. Brigdespelarar kastar meg vekk, ungane ved bordet leikar med meg medan dei vaksne speler avansert. Overalt der eg kjem til gjer eg spelet enklare og meir avansert. Det finst spel der eg blir sett som den med mest poeng, og spel der eg knapt brukes. Om det er borte eit kort tek eg over det kortet si rolle, kjem det igjen så er eg ute av spelet, kanskje ei lita stund, kanskje ei æve.

Eg er ikkje berre eit kort. Eg er ei tilstand. Den som kan snu situasjonen, den som ikkje liker å gjere seg stor og tek mest plass, berre på gap. Eg finst i songar, filmar, eg fins i teater, og gudane veit kvar eg elles held til. Nokre gongar er eg artig å sjå på, nokre gongar ligg eg under som ei fare heile vegen, nokre gonger er eg den openberre løysinga. Nokre gonger er eg fienden. Nokre gonger er ikkje tilstades i det heile, nokre gonger er eg alt på ein gong.
Du kan ikkje sjå meg. Du kan sjå det som skjer med situasjonen, men du kan ikkje sjå meg. Eg er usynleg og ikkje tilstades. Eg er grunn og effekt. Eg er underliggande, eg er bakom og skuver på, eg er framom og stopper, eg trykker ned og eg løftar opp. Eg er kledd i fargesprakande klær så ingen skal kunne sjå meg, eg sprett rundt i verda med eit glis og ei meining, men ikkje mitt glis og mi meining. Eg er meiningslaus og meininga sjølv, eg er mjuk og hard, eg er ikkje meir enn det eg blir gjort til.
Eg er Jokeren. Eg er det du vil eg skal vere, og kan gjere det eg får beskjed om. Men det er ikkje sikkert du lik løysinga. Eg er sparesset. Eg er kløvertoen.

Eg er Jokeren.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.